Søk





Vi har hatt besøk.

Bibliotek og IT-senter

26. oktober 2000 fekk vi nytt IT-senter og offentleg bibliotek på Askvoll skule – i det som før var gymnastikksal. Totalt er biblioteket ca 550 rutemeter, med eit hovudplan og ein stor mezzanine (galleri).

I inngangspartiet har vi ein "internett-kafe" med 3 PC-ar.

IT-senteret (ca 80 rutemeter) har 18 arbeidsstasjonar, server, eigen fil- og CD-server (Allion Fisc CDM), 2 nettverksprintarar (farge- og svart/kvitt laser), data-/videoprojektor, film- og dias-skannar, digitalt videokamera, digitale kamera m.m.

Både server og PC-ar elles har vi bygd sjølve.

PC-borda i IT-senteret blei laga lokalt, og så langt er vi svært godt nøgd med dei. Dei har vist seg slitesterke, har god ergonomisk utforming og er svært pene!

Sidan starten har både bibliotek og IT-senter vore mykje brukt. Vi fekk sertifikat for Datakorter (testing og undervisning) i 2001, og vi har avvikla i alt ca 600 testar.

På dagtid er både bibliotek og IT-senter mest brukt av skulen. Ein del kursverksemd har det og vore, men det skjer mest på kveldstid.

Opningstid for biblioteket:
Mandag til torsdag: 10.00 - 14.30
Mandag, tirsdag og torsdag: 16.00 -19.00

bunnfelt